Reglar for kameraovervakinga av Heradsplassen

Vedteke av: Rådmannen

Dato: 5. september 2018

Reglane er fastsette etter fullmakt frå formannskapet.

Reglane vart refererte for formannskapet i møte den 12. september 2018 utan at det kom fram merknader.


1. Grunnlag


Grunnlaget for kameraovervakinga er vedtak i formannskapet 29. august 2018. Overvakinga er aktiv heile døgnet.


2. Føremål med overvakinga


Føremålet med kameraovervakinga er å motverke hærverk på Heradsplassen basert på nokre episodar med hærverk mellom anna på fontena. Behandlingsgrunnlaget er ei interesseavveging der rådmannen vurderer at innbyggjarane sine krav om sporfri ferdsel må vike for førebygging av hærverk på Heradsplassen.


3. Avgrensing av området


Kameraovervakinga er avgrensa til Heradsplassen avgrensa av Tankeringen, Sparebanken, Gloppe-bua og Heradshuset.


4. Overordna reglar


Overvakinga skal følgje Datatilsynet sine reglar og tilrådingar. Informasjonsskilt viser omfanget av overvakinga. Drift av systemet er lagt til organisasjonssjefen v/IKT-avdelinga.


5. Behandling av overvakingsinformasjonen


Informasjonen frå overvakinga skal automatisk slettast etter sju dagar.

Opptak skal ikkje vere tilgjengeleg for andre enn dei som har ansvar for drifta og i normal drift skal det aldri leverast opptak frå systemet til nokon andre korkje innanfor eller utanfor kommunen.

Ved hærverk kan informasjonen frå systemet overleverast politiet. Det er rådmannen som avgjer om materialet skal overleverast politiet.