Kva kan eg få innsyn i ?

Vi gir deg innsyn i kommunale dokument gjennom det vi kallar “innsyn”

Søk etter sak og dokument (tidlegare “Postliste”)

Dette er ei oversiktsliste som viser alle dei siste dokumenta som har gått gjennom arkivtenesta, både inngåande, utgånde dokument i tillegg til saker. Alle dokumenta vil ligge sortert etter dato, slik at du alltid vil sjå “siste nytt” fyrst. Dette verktøyet gir god logikk mellom dokument, politisk behandling av saker og møter.

Filtrering og sorteringsmulighetene som ligg i menyen til venstre gjer at søkemulighetene er store, og skal gjere det lettare for lesarane å søke seg fram til det dei leitar etter. 

Ved å utvide til avansert søk vil du også kunne søke meir spesifikt, til dømes etter konkret saksnummer, avsendar/mottakar eller gards- og bruksnummer.

Kvar dag, ca kl 10, publiserer vi gårdagens journalførte dokument.  Unnataket er “fredagsdokumenta” som ikkje vert publisert før påfølgjande måndag. 

Dokument (inn- og utgåande) ligg tilgjengelig ute i eit år (365 dagar)

Møteoversikt

Her får du oversikt over planlagde politiske møter, presentert i stigande rekkefølje, med fyrskomande møte øvst. 

Du kan også bruke sorteringsinnstillingane i menyen til venstre og plukke ut dei utvala du leiter etter. 

Ser du etter møter som har vore brukar du sotrteringsmenyen til venstre, og vel kva for periode du er ute etter, og eller kva for utval. Så kan du opne møtet og sjå alle sakene i dei enkelete møta.  Under kvar sak kan du lese korleis saka vart behandla, og kva som vart bestemt/vedteke. 

Kva er offentleg?

Det er  reglane i offentleglova som avgjer om du har innsynsrett. Dersom eit dokument er skjerma vil det gå fram av søket. 

Kva får du ikkje innsyn i?

Interne dokument

Dette er dokument der mottakar og avsendar er kommunen sine eigne saksbehandlarar. Interne dokument frå saksarkiv, eigedomsarkiv og planarkiv vert ikkje publisert i dokumentlista/postlista.

Heimelen for å unnta desse dokumenta er hovudsakleg § 14 i offentleglova.

Arkiv med personregister 

Arkivseriar med tilhøyrande dokument som er oppbygde med personmapper er unnateke innsyn. Døme på dette er:
- personalarkiv
- arkiv for utlån og tilskot formidla gjennom Husbanken
- elevarkiv og arkiv over barnehagebarna
- klient- og pasientarkiv i helse og omsorg, sosialtenesta og barnevernstenesta

Dokumenta i personalarkivet er unnateke innsyn etter § 23, 1. ledd i offentleglova.
Dokumenta i dei andre eksempla er unnateke innsyn på grunn av teieplikt, § 13 i offentleglova.

Dokument utanom "systemet" 

Dokument som saksbehandlar produserer utanfor post/sak/arkivsystemet kjem ikkje med dersom saksbehandlar ikkje sjølv importerer dette inn i aktuell arkivserie. 

Vil du vite meir? 

Har du spørsmål om arkiv og innsyn kan du få ved å vende deg til arkivtenesta i kommuna,

Ring 57 88 38 00 eller epost til postmottak@gloppen.kommune.no 

Lovverk 

Lov om rett til innsyn i dokument i offentleg verksemd (offentleglova)

Sjå regjeringa sin rettleiar til Offentleglova