Kven meiner du fortener Kulturprisen i 2025?

Kulturprisen er ein heiderpris for nokon som har gjort ein ekstra innsats for kulturlivet i kommunen. Prisen skal vere til inspirasjon og motivasjon for både prisvinnaren og andre. 

No er vi på leit etter årets kulturpriskandidat - og vil gjerne høyre kven du meinar bør få prisen! Nominer din kandidat innan 4. november 2025.

Prisen har to målgrupper

•    Eldsjeler som har lagt ned ein varig ueigennyttig innsats for kulturlivet i Gloppen
•    Utøvarar med eit spesielt talent og tilknyting til kommunen

Kultur inkluderer alle typar kunstutrykk, samt litteratur, kulturvern og idrett. Er du nysgjerrig på kven som har fått prisen tidligare? Sjå oversikta her. 

Forslag til kandidatar

Alle som ønskjer kan nominere kandidatar, men ein kan ikkje nominere seg sjølv. Forslaga skal gjerast skriftleg, og innehalde ei grunngjeving. Føreslegne kandidatar og grunngjevingar vert ikkje offentlegjort.
 
Nominer din kandidat her  (sikker pålogging)

Eller du kan sende inn ditt forslag på epost til post@gloppen.kommune.no

Det er Samfunnsutvalet som avgjer kven som får prisen. Utdelinga skjer vanlegvis på siste kommunestyremøtet før jul. 

Frist for å kome med forslag er 4. november 2025.

Sjå retningslinjene til kulturprisen