Høyring - Besøksstrategi i Kolebakkane naturreservat 2025-2029

Samfunnsutvalet i Gloppen kommune gjorde vedtak i sitt møte 04.06.2025 i sak 043/25 om å legge «Besøksstrategi for Kolebakkane naturreservat 2025-2029» ut på høyring. 

Høyringsfristen er sett til 20.08.2025.

Gloppen kommune har forvaltaransvaret for Kolebakkane naturreservat som vart oppretta i 1999 og der kommunen tok over forvaltaransvaret i 2015. Området er mykje nytta til friluftsaktivitet og einskilde område i reservatet er prega av stor trafikk. Besøksstrategien dannar grunnlaget for forvaltninga av området og kva tiltak som skal gjerast for å styre trafikken og sikre at området og naturkvalitetane vert teke i vare.

Gå til høyringsutkastet her.  

Har du innspel?

Vi inviterer til å kome med skriftlege innspel til strategien innan fristen 20. august 2025. 

Fråsegn skal merkast med: 23/2630 og Besøksstrategi Kolebakkane naturreservat , og kan sendast via e-skjemaet

Skjema for høyringsuttale  (ID-pålogging)

Alternativ til elektronisk skjema:

Fråsegner kan sendast via eDialog 
e-post til post@gloppen.kommune.no  
eller brevpost til Gloppen kommune, Grandavegen 9, 6823 Sandane.

Vidare prosess

Endeleg besøksstrategi skal handsamast politisk hausten 2025.