Seksjonering

Seksjonering er å dele opp ein bygning i fleire eigarseksjonar, slik at fleire kan eige kvar sin del av bygningen. Ein eigarseksjon vil vere ei eiga juridisk eining som kan omsetjast og lånast på uavhengig av resten av eigedomen eller brukseiningane.

Seksjonering eignar seg mellom anna for oppdeling av bustadblokker, to- og firemannsbustadar og næringsbygg i fleire etasjar med ulike brukarar av etasjane.

Seksjonering av uteareal

Dersom du ønskjer at utearealet i sameiget skal fordelast på eigarseksjonane til eksklusivt bruk, må du søkje om oppmåling av utearealet. Dei fordelte uteareala vil då tilhøyre dei ulike seksjonane og kan ikkje endrast på utan samtykke frå eigarane av seksjonane.

Gjeldande lovverk - sjå punkt over for seksjonering.