Vedlegg til søknaden om seksjonering

Legg ved situasjonskart for eigedomen

Situasjonskartet må vise:

  • Grensene for eigedomen
  • Omrisset av bygningen/bygningane
  • Gardsnummer, bruksnummer og eventuelt festenummer

Du kan også søke om seksjonering av uteareal saman med seksjonering av bygningen/bygningane. Les meir om seksjonering av uteareal.

Legg ved planteikningar for alle etasjane, inkludert kjellar og loft


Planteikningane må innehalde:

  • Klar merking av grensene for brukseiningane og grensene mellom seksjon og fellesareal. Merkinga må gjerne skje ved bruk av ulike fargar.
  • Forslag til seksjonsnummer
  • Informasjon om kva dei ulike romma skal nyttast til
  • Gardsnummer, bruksnummer og eventuelt festenummer

Dersom deler av bygningen/bygningane skal vere tilleggsareal til seksjonane, må du markere dette på planteikningane. Eit tilleggsareal er arealet som ligg utanfor hovuddelen av seksjonen, til dømes ein bod eller garasje utanfor leilegheita. Marker tilleggsarealet med tilleggsareal og seksjonsnummeret som arealet skal høyre til (til dømes TSNR1 dersom arealet skal høyre til seksjon nummer 1).

Lag vedtekter til sameiget

For at kommunen skal kunne opprette eit eigarseksjonssameige, må du lage vedtekter for sameiget. Minstekravet til vedtektene er at det står kva eigedom vedtektene gjeld for og tal styremedlemar. Vedtektene skal ligge ved søknaden.

Fyll ut søknad om oppmåling ved seksjonering av uteareal

Dersom utearealet skal seksjonerast (ikkje vere fellesareal), må du fylle ut søknad om oppmåling, og sende inn saman med søknaden om seksjonering.

Les meir om seksjonering av uteareal.

Lever søknadsskjemaet med vedlegg

Lever søknadsskjemaet med vedlegg pr post til Gloppen kommune, Grandavegen 9, 6823 Sandane, eller ved oppmøte. Du kan ikkje levere dette digitalt, sidan vi må ha originale signaturar.

Alle dokument må leverast i tre eksemplar.