Klarlegging av eksisterande eigedomsgrense
Dersom du har eldre grense som ikkje er koordinatfesta, og du er usikker kvar grensa går, rekvirere du klarlegging av eksisterande grenser.
Dersom det er usemje om grensa, kan kommunen ikkje ta stilling til kvar grensa går. I slike høve kan partane ta kontakt med jordskifteretten (telefon: 57 99 13 50), som kan fastsetje kvar grensa går.
Jordskifteretten kan også fastsette og merke uklare grenser, dvs det treng ikkje være usemje for ei grense, for behandling i jordskifteretten. Ei uklar grense kan være at grensemerke er borte. Klarlegging av grenser i LNF- område utanfor tettbygd strøk, rekvirerast hjå jordskifteretten.
Eigar eller festar av eigedomen kan rekvirere klarlegging av grense.
Dersom du signerer søknaden på vegne av eigar, må du legge ved fullmakt frå grunneigar. Fullmakta må vere i original eller stadfesta rett kopi.
Etter at kommunen har motteke rekvisisjonen, kallar vi inn til oppmålingsforretning med møte i marka. Alle involverte partar får skriftleg varsel seinast 14 dagar før oppmålingsforretninga. På oppmålingsforretninga vert grensene klarlagt, innmålt og eventuelt merka av.
Publisert 17.03.2023 12.34