Dersom vilkåra for grensejustering er oppfylt, sender vi ut skriftleg varsel om oppmålingsforretning seinast 14 dagar før oppmøte i marka.
På oppmålingsforretninga vert eksisterande grenser avklart og nye grenseliner påvist og merka.
Etter oppmålingsforretninga vert dei nye eigedomsgrensene ført i matrikkelen og du får tilsendt matrikkelbrev for eigedomen.