Spesielle miljøtiltak i jordbruket og tiltak i beiteområde
Føremålet for Gloppen kommune vil vere å fremje natur- og kulturminneverdiane i kulturlandskapet i jordbruket og redusere forureininga ut over det ein kan vente gjennom vanleg jordbruksdrift og stimulere til auka bruk av utmark.
SMIL-midlane og tiltak i beiteområde vert forvalta ut frå strategiplan, vedteken av kommunestyret.
Sjå strategiplanen for Gloppen kommune
Kven kan søkje
SMIL
Det kan gjevast tilskot til føretak som driv og/eller eig ein landbrukseigedom. På leigejord må det føreligge løyve frå eigar av eigedomen.
Eigar av landbrukseigdomen utan føretak kan tildelast tilskot, dersom det føregår ein produksjon på eigedomen som har rett på tilskot.
Tiltak i beiteområde
Beitelag, grunneigarlag, radiobjøllelag m.fl. som er registrert i einingsregisteret, som driv næringsmessig beitedrift som set i gong investeringstiltak og/eller planleggings-og tilretteleggingsprosjekt i beiteområde kan søkje. Andre på visse vilkår. Faste installasjonar som bruer og skiljeanlegg, sperregjerde og elektronisk sporingsutstyr vert prioritert.
Søknadsfrist 1. mars for begge ordningane.
Tilskot kan gå til
- Forureiningstiltak
- Kulturlandskap
- Planleggingstiltak- områdetiltak/planleggingstiltak
- Investeringstiltak for organisert beitebruk
Felles for begge ordningane
- Søknad om midlar skal gjerast digitalt i Agros i Altinn.
- Søknaden skal innehalde omtale av tiltaket med spesifisert kostnadsoverslag.
- Tiltaket skal visast på kart i høveleg målestokk.
- For bygningsprosjekt skal det fylgje med målsette teikningar.
- Det skal fylgje med foto av tiltaket/området, før iverksetting.
For tiltak i beiteområde i Landskapsvernområde må løyve frå verneområdeforvaltar eller verneområdestyre leggast ved.
Meir info om ordningane finn du på Landbruksdirektoratet si nettside.
Kontaktinfo
Bernt Reed, tlf 979 91 052
Jofrid Brennsæter, tlf 979 91 051