Retningslinjer for landbruksfondet i Gloppen

Vedteke av: Gloppen kommunestyre

Dato: 29. april 2002. Sist endra 13. mars 2024

Sak: 20/02

Retningslinjene er sist endra av kommunestyret den 13.mars 2024, sak 19/24

Namnet på fondsstyret er endra i samsvar med gjeldane hovudutvalsmodell.


1 Fondskapital, avkasting og fondsstyre

Fondskapitalen er kr. 715.000,- pr. 01.01.2024. Kr. 600 000 vart tildelt Gloppen kommune i samband med utbygging av Sagefossen og Skogheim kraftverk i Hyen. Det kan, etter søknad, delast ut frie midlar kvart 3.år. I dei 2 åra i mellom kvar tildeling skal rentene av fondet leggast til grunnkapitalen.

Grunnkapitalen skal stå urøyvd og plasserast i samsvar med kommunen sitt reglement for finansforvaltning. Inntente og oppsparte renter som ikkje er tillagt grunnkapitalen, er frie midlar og skal nyttast til tiltak som bestemt i dette reglementet.

Frie fondsmidlar som ikkje blir disponerte same året, skal setjast av til bruk i seinare år.

Samfunnsutvalet er styre for fondet.  

2 Formål 

Dei frie fondsmidlane skal nyttast til landbruksfremjande tiltak i Gloppen kommune, herunder også miljøfremjande tiltak i landbruket. 

3 Bruk av fondet 

Midlane frå landbruksfondet skal brukast i Hyen. Dette gjeld i første rekke Vestre Hyen-området, og særleg då dei som eig og grensar til Storefjorden og Storevatnet. Dersom det ikkje er søknader herifrå som oppfyller krava for løyving, kan rentemidlar samlast opp over fleire år, tilførast grunnkapitalen.

Tiltak som blir til nytte for fleire, skal ha førerett framfor tiltak som blir til nytte for berre eitt bruk. Fondsstyret må likevel sjå til at det mest mogleg vert ei rettferdig fordeling mellom gardar og mellom bruk.

Det kan ikkje nyttast fondsmidlar til å dekkje kostnader som blir dekt av offentlege tilskot. Dei kan heller ikkje nyttast til å dekkje kostnader som er eller blir dekt av erstatningar gjeve for å bøte på skader påført ved offentlege utbyggingstiltak.

Til skogsvegar som har fått statstilskot, kan det gjevast opptil 55 % av eigenandelen. Til landbruksformål som ikkje får offentleg tilskot, kan det gjevast opptil 50 % av anleggskostnaden, for jorddyrking maksimalt kr 2.000,- pr dekar. 

4 Saksbehandling og utbetaling

Søknader om tilskot frå fondet skal sendast Gloppen kommune. Saman med søknadene må det sendast plan og kostnadsoverslag som er landbruksfagleg godkjent.

Fondsstyret kan tildele same tiltak midlar i fleire år etter ein oppsett plan for tiltaket. Fondsstyret kan likevel ikkje gje bindande tilsegn om tilskot for meir enn 5 år framover.

Tilskot frå rentemidlane av landbruksfondet skal - etter tildelinga i 2006 - utbetalast annakvart år. Det må leggast fram tilfredsstillande dokumentasjon for utgiftene.

Tilskot til private næringsdrivande frå landbruksfondet skal meldast til likningskontoret. Tilskot skal ikkje tildelast dersom søkjar har uoppgjort skatte- eller avgiftsrestanse.

Kommunedirektøren (1) fører kontroll med at føresetnadene for å få tilskot blir oppfylte og tilviser tilskota for utbetaling.

(1) Delegert til landbrukssjefen. 

5. Klage

Vedtak i fondsstyret for landbruksfondet kan påklagast så langt desse er enkeltvedtak etter reglane i forvaltningslova. Klageorgan er formannskapet. 

6. Endringar av reglementet  

Grunneigarlag, bondelag og skogeigarlag med tilknyting til utbyggingsområdet har rett til å uttale seg dersom reglementet for landbruksfondet skal endrast.

Fondsstyret har fullmakt til å avgjere endringar i tilskotssatsar i reglementet.