Spesielle miljøtiltak i landbruket - SMIL-midlar
Føremålet for Gloppen kommune vil vere å fremje natur- og kulturminneverdiane i kulturlandskapet i jordbruket og redusere forureininga ut over det ein kan vente gjennom vanleg jordbruksdrift og stimulere til auka bruk av utmark.
Målsetjingar for bruk av midlane i er å vedlikehalde og vidareutvikle det særmerkte og varierte kulturlandskapet mellom fjord og bre.
Støtte tiltak og fremje driftsmåtar i jord- og skogbruket som tek i vare viktige miljø- og kulturverdiar.
Forvaltning
SMIL-midlane vert forvalta ut frå strategiplan, vedteken av kommunestyret.
Gå til strategiplan for spesielle miljøtiltak 2020-2024
Kven kan søkje?
Det kan gjevast tilskot til føretak som driv og/eller eig ein landbrukseigedom. På leigejord må det føreligge løyve frå eigar av eigedomen.
Eigar av landbrukseigdomen utan føretak kan tildelast tilskot, dersom det føregår ein produksjon på eigedomen som har rett på tilskot.
Tiltak kan gå til
- Forureiningstiltak
- Kulturlandskap
- Planleggingstiltak- områdetiltak/planleggingstiltak
- Investeringstiltak for organisert beitebruk
Søknad
Gå til søknadskjema her
VIktig å vite om søknad
- Søknad om midlar skal gjerast digitalt i Agros i Altinn.
- Søknaden skal innehalde omtale av tiltaket med spesifisert kostnadsoverslag.
- Tiltaket skal visast på kart i høveleg målestokk.
- For bygningsprosjekt skal det fylgje med målsette teikningar.
- Det skal fylgje med foto av tiltaket/området, før iverksetting.
For tiltak i beiteområde i Landskapsvernområde må løyve frå verneområdeforvaltar eller verneområdestyre leggast ved.
Kontaktpersonar i kommunen
Bernt Reed, tlf 979 91 052
Publisert 17.03.2023 15.44