Tenesterådgjeving - vi guider deg

Vi hjelper deg å navigere i kommunen sine tilbod innan kommunale helsetenester. 

Vi kan gje informasjon om heimetenester, institusjonsopphald, bustad, praktisk bistand, koordinator, ressurspersonar innan kreft, psykisk helse, demens, m.m.

Vi svarer deg på spørsmål kring pasientrettar, tildelingskriterier og forventningar til helsetenesta. Vi gjev deg informasjon om søknader og søknadsprosess.

Bekymringsmelding

Er du bekymra for nokon? 

Mange lurer på kvar dei skal henvende seg om dei er bekymra for ein vaksen person. Generell bekymringsmelding kan varslast til sakshandsamarane som gjev tenesterådgjeving. 

Bekymringsmelding dersom det kan være fare for liv og helse skal gå til politi. Ring politiet 02800, Nødnummer, ring 112 

Bekymring for born - meir informasjon

Ta kontakt for tenesterådgjeving

Telefon: 99 09 94 95  - eller  94 16 85 63