Elektronisk
Sikker innlogging med ID-porten, direkte innfylling og innsending. Søknaden går direkte til postmottak i Gloppen kommune.
Det er den som fyller ut skjemaet som må logge seg inn, og det kan vere enten søkjaren sjølv eller ein pårørande
Gå til elektronisk søknadskjema her
Papirsøknad
Søknad fylt ut på papir skal sendast til: Gloppen kommune, Grandavegen 9, 6823 Sandane, eller leverast Servicetorget på Heradshuset.
Last ned søknadskjema for helse og velferdstenester, papirutgåve (PDF, 325 kB) - Du må laste ned fila, og fylle ut skjemaet manuelt.
Behandling av søknad
Sakshandsamar utgreier saka, vurderer funksjonsevne, behov for tenester og gjennomfører IPLOS registrering (dette er eit informasjonssystem som inneheld nødvendige opplysningar om mottakar av kommunale helse- og omsorgstenester).