Ergoterapi

Ergoterapi er for menneske som har utfordringar med å utføre daglege aktivitetar. 

Ergoterapeuten har i sitt arbeid fokus på aktivitet og deltaking og jobbar mot at den enkelte skal kunne bli mest mogleg sjølvstendig i eige liv. 

Målgruppe for tenesta

  • Personar med ulike sjukdommar og/eller skadar, helseplagar og funksjonshemmingar. 
  • Personar som står i fare for eller har vanskar med å utføre daglege aktiviteter

Kva kan du få hjelp til?

Korleis få tenesta, og kva kostar det?

Ta kontakt ved å ringe til Servicetorget eller du kan be om henvisning frå andre tenester.

Tenesta er gratis, og ein får teneste etter vurdering. 

Klagerett

Du har rett til å klage dersom du meiner at du ikkje har fått oppfylt dine rettigheiter som pasient, eller at du ikkje har moteke dei helse- eller omsorgstenestene du har krav på. Pårørande kan også ha klagerett.

Klaga sender du først til fysio/ergoterapitenesta ved Jannike Felde. Då vil ho gjere ei vurdering av klaga og evt. endre avgjerda dersom ho er einig i klaga di. Viss ho framleis er ueinig, vert klaga automatisk sendt vidare til Statsforvaltaren, som vil behandle klaga. 

Kontaktinformasjon

 Hovudnummer, servicetorget

 Telefon: 57 88 38 00

 Einingsleiar for Friskliv, fysio- og ergoterapi

 Telefon: 95 82 88 96

 Postadresse 

 Grandavegen 9
 6823 Sandane

 Besøksadresse

 Grandane senter, 2. etasje
 og
 Gloppen omsorgssenter