Kvardagsrehabilitering

Kvardagsrehabilitering er rehabilitering og førebygging medan pasienten bur i eigen heim.

Tverrfagleg team

Tverrfaglig team sett saman av ergoterapeut, fysioterapeut, sjukepleiar og heimetrenarar. Teamet gjer kartlegging og vil i lag med pasienten utarbeide mål for rehabiliterings-prosessen. Dei kjem heim til pasienten og hjelper vedkomande med å trene på det som er viktig for å klare seg mest mogleg sjølv i kvardagslivet.

For å oppnå dette arbeider ein intensivt i lag med pasienten i rehabiliteringsprosessen i ein avtalt tidsperiode. Evaluering av framgang og justering av mål vil skje undervegs.

Pasienten må vere motivert til å gjere en innsats for å gjenvinne det dei tidligare meistra slik at pasienten i størst mogleg grad kan klare seg sjølv i dagleglivet.

Kva er målet med kvardagsrehabilitering?

  • Pasientane som får tenesta, betrar funksjonsnivået slik at ein kan avslutte kommunal teneste eller redusere denne betraktelig.
  • Å utsetje behovet for ressurskrevjande kommunale tenester.
  • Ein får meir heilhetlige pasientforløp.
  • Pasientane får betre livskvalitet fordi dei vert sjølvstendige og kan bu i eigen heim.

Kven kan søkje om teneste?

  • Vaksne og eldre som har "fall" i funksjon / har nedsett funksjonsevne eller er nye søkjarar til ulike pleie og omsorgstenester.
  • Pasientar som vert utskrivne frå sjukehus og sendt rett heim, der det blir teke kontakt med hjelpeapparatet med behov for heimetenester eller varige hjelpemidler.
  • Pasientar som vert utskrivne frå kommunen si eiga rehabiliteringsavdeling, og treng kvardagsrehabilitering i eigen heim i ein overgangsfase.

Den einskilde må ha motivasjon til å ville gjere noko med eige liv. 

Eventuelle kandidatar skal vurderast av tverrfagleg team, før tildeling av teneste.

Varighet

Lengd på tenesta vert vurdert av tverrfagleg team. Maks lengde på tenesta er 3 mnd.

Kva kostar det?

Kvardagsrehabilitering er ei kostnadsfri teneste. 

Slik søkjer du

Du nyttar søknadsskjema for helse- og omsorgstenester.

Skriv du kva du treng hjelp til i søknaden.

Gå til søknadskjema helse og omsorgstenester

Har du spørsmål?

Ta kontakt med

Sakshandsamar helse
Sakshandsamar E-post Telefon
Anita Lothe E-post til Anita 94 16 85 63
Ane Merete Austrheim E-post til Ane 99 09 94 95