Praktisk bistand

Praktisk bistand og opplæring er eit tilbod til deg som på grunn av sjukdom treng hjelp til å utføre praktiske gjeremål. Målet er at du skal halde fram med å bu heime lengst mogeleg. 

Kva tilbyr vi?

Praktisk bistand kan blant anna vere tilrettelegging av daglege gjeremål, og enkelt reinhald, sengeskift og klesstell i heimen

Kven kan søke om tenesta?

Tenesta er behovsprøvd og skal tilpassast individuelt. Tenesta blir tildelt personar som bur eller oppheld seg i kommunen, og som oppfyller kriteria for å få nødvendig helsehjelp. Sakshandsamar utgreier saka, vurderer funksjonsevne og behov for tenester i samarbeid med søkar og pårørande Ved søknad om praktisk hjelp er funksjonen til andre husstandsmedlemmer med i vurderinga før hjelp vert tildelt

Forventningar

Kva kostar det?

Praktisk hjelp er ei betalingsteneste, utrekna etter inntekta til husstanden.

Slik søkjer du

Du nyttar søknadsskjema for helse- og omsorgstenester. Skriv du kva du treng hjelp til i søknaden.

Gå til søknadskjema helse og omsorgstenester

Har du spørsmål?

Ta kontakt med

Sakshandsamar helse
Sakshandsamar E-post Telefon
Anita Lothe E-post til Anita 94 16 85 63
Ane Merete Austrheim E-post til Ane 99 09 94 95