BPA - brukarstyrt personleg assistent

Brukarstyrt personlig assistanse (BPA) er ein måte å organisere praktisk bistand og opplæring på. Målet med BPA er å gje personar med eit stort hjelpebehov større fridom til å styre tenestene og kvardagen sjølv

Kva tilbyr vi?

Sjølv om du er arbeidsleiar og leier det daglige arbeidet til assistentane dine, må dei ha ein formell arbeidsgjevar. Arbeidsgjevaren kan være kommunen eller eit firma som kommunen har avtale med. Kommunen har etablert ordning med fritt brukarvalg mellom eit utval godkjente leverandørar av BPA.

Du kan sjølv velge kva firma som skal være arbeidsgjevar for dine assistentar.

Kven kan søkje om tenesta?

Du har rett til å få assistansen organisert som BPA dersom du er under 67 år og har 32 timar assistanse eller meir i veka. Har du mellom 25 og 31 timer i veka, har du rett til å få assistansen organisert som BPA med mindre kommunen kan dokumentere at andre tilbud blir vesentlig rimeligare.

Har du ikkje rett til BPA kan kommunen likevel vurdere om BPA er hensiktsmessig for deg.

Kva kostar det?

Helse- og omsorgstenester i heimen er ei gratis teneste.

Praktisk bistand er ei betalingsteneste, utrekna etter inntekta til husstanden

Ved BPA vil delar av tenesta kunne vere betalingsteneste

Slik søkjer du

Du nyttar søknadsskjema for helse- og omsorgstenester.

Skriv du kva du treng hjelp til i søknaden.

Gå til søknadskjema helse og omsorgstenester

Gloppen kommune har avtale med

I Gloppen har vi avtale med tre tilbydarar, meir informasjon om desse finn du på følgjande nettstadar: 

Assister meg - assistermeg.no  

Aberia - aberia.no

Uloba Independent living - uloba.no

Har du spørsmål?

Ta kontakt med

Sakshandsamar helse
Sakshandsamar E-post Telefon
Anita Lothe E-post til Anita 94 16 85 63
Ane Merete Austrheim E-post til Ane 99 09 94 95