Kva rolle har flyktningtenesta?
Flyktningtenesta er ein koordinator mellom flyktningane og det øvrige tenesteapparatet i samfunnet.
Flyktningtenesta rettleiar og legg til rette for at flyktningane kan nytte sine ressursar og delta aktivt i samfunnet. Vi som arbeider i tenesta ynskjer at dei vi møter i vårt arbeid skal verte møtt med respekt, forståing og fagleg kompetanse. Grunnmurane i arbeidet vårt er hjelp til sjølvhjelp og ressursfokus. Tenesta arbeider for at busette flyktningar og deira familiar skal verte sjølvstendige og ta ansvar for eigen livssituasjon.
Vårt mål er at dei skal finne seg til rette i arbeid, skule, nærmiljø og samfunnet øvrig.