Bustad til leige

Gloppen kommune har bustadar for utleige. For å kunne leige ein kommunal tilrettelagt bustad i Gloppen må du vere i målgruppa.

Kven er i målgruppa?

Målgruppa omfattar personar som treng hjelp til å skaffe seg bustad på grunn av dårleg økonomi, nedsett funksjonsevne, helsemessige eller sosiale problem, manglande kunnskap om den norske bustadmarknaden eller liknande tilhøve.
For å ha rett på kommunal bustad må søkjar ha vore folkeregistrert som busett i Gloppen i minimun 1 år, eller ha anna nær tilknytting til kommunen. 

Sjå retningslinjer for tildeling av kommunal bustad

Søkje?

Dersom du ynskjer å leige kommunal bustad må du søkje

Gå til søknadskjema

Kan du ikkje fylle ut elektronisk skjema? ta kontakt med bustadkonsulenten, så kan du få papirskjema og hjelp til utfylling. 

Ikkje i målgruppa?

Det er fleire private som leiger ut bustadar i Gloppen. Desse aktørane annonserer vanlegvis ledige bustadar på Finn.no, eller på sosiale medier som Kjøp og sal sider på Facebook

Kontaktperson kommunale bustadar

Bustadkonsulent Steinar Kandal

Telefon 40 43 06 04