Støttekontakt er ei helseteneste som ein må søke om, og det vert fatta vedtak om kven som får støttekontakt og omfanget av tenesta.
Vi kan i samarbeid med deg vurdere om du kan søke om støttekontakt eller om andre tenester kan vere meir passande
Kven kan få støttekontakt?
Barn og vaksne som har behov for hjelp, for eksempel på grunn av:
- somatisk (kroppsleg) eller psykisk sjukdom
- skade eller liding
- rusmiddelproblem
- sosiale problem, eller
- nedsett funksjonsevne
kan ha rett på støttekontakt. Alle kommunar har en plikt til å ha en støttekontaktordning. I samarbeid med deg, vil kommunen avklare om du kan få støttekontakt.
Kva kostar det?
Det er gratis å motta støttekontakt, men du må sjølv regne med å dekke dine eigne utgifter medan du er saman med støttekontakten, som til dømes inngangspengar til svømmehall, kinobillett, mat osv. Du kan ha rett til følgjekort, slik at fritidskontakten din kan få gratis inngang til enkelte aktivitetar.
Søknad
Søk om støttekontakt her
Søknad for å få støttekontakt
Kontaktinformasjon
Ane Merete Austrheim - 99 09 94 95
Anita Lothe 94 16 85 63
Anna innformasjon
Støttekontaktordninga har kontortid onsdagar
Søk om følgjekort her: Søknad følgjekort