Skal du gifte deg?

Kommunane har ansvar for borgarleg vigsel i Norge. I Gloppen er det ordførar, varaordførar og kommunedirektøren som har tildelt vigselsmynde.

Bestill prøvingsattest

Før de kan gifte dykk må de ha ein prøvingsattest. Dette er eit bevis på at de fyller vilkåra for å inngå ekteskap. 

Prøvingsattest får de frå Skatteetaten. Den raskaste og beste måten å søkje på er elektronisk (begge må ha norsk personnummer). NB! ved utfylling av skjema får de spørsmål om vigselsdato, fyll inn det de planlegger.  Attesten er gyldig i 4 mnd, og vigsel må foregå innanfor gyldighetsdato, så de har litt "slingringsmonn".  

Skatteetaten vurderer vilkåra, og Gloppen kommune har ingen innsyn i denne vurderinga, og kan ikkje svare på spørsmål om saksgang her. 

Ver ute i god tid, men likevel ikkje meir enn 4 månadar før bryllaupet.

Gå til Skatteetaten.no - søk om prøvingsattest

Bestill tid og stad for vigsel

Når prøvingsattesten er i orden kan de ta kontakt med oss og avtale tid for vigsel.

Gå til søknadskjema for tid og stad for vigsel  NB! Sikker innlogging

Sist i skjemaet spør vi etter gyldig prøvingsattest, så ha gjerne denne klar når de fyller ut skjemaet, og legg den ved som vedlegg. Har de ikkje motteke prøvingsattest - kan de likevel søke om vigselsdato - men då må de ettersende prøvingsattesten straks de mottek den. 

Kvar og når kan vigsel gjennomførast?

Gloppen kommune nyttar kommunestyresalen i heradshuset som vårt vigselslokale. I hovudsak ynskjer vi å gjennomføre vigsel på fredagar i kontortida.

Utover dette kan brudeparet kan sjølvsagt komme med eigne ynskjer knytt til dato, stad og tid ved bestilling av vigsel.  Fortel oss kva de ynskjer når de søkjer så vurderer vi den enkelte førespurnad.  Vi prøvar å vere fleksible og gjere det vi kan for å imøtekomme ynskja til brudeparet, men vi må likevel vurdere dette frå søknad til søknad.  Ekteparet må sjølv dekke kostnadane med leige av andre lokale. 

Vitne

Det  vere to vitner tilstades under vigselen. Dette kan vere forlovarane eller to andre myndige personar.

Kva kostar det?

Det kostar ingenting å gjennomføre vigsel. 

Kontakt

Det er Servicetorget i Gloppen kommune som administerer borgarleg vigsel i Gloppen, og som også har rolla som vigselsvert.  Kontakt oss på 57 88 38 00

Har du spørsmål om dokumentasjon eller regelverk, ta kontakt med Skatteetaten

Lenkjer til meir informasjon

Retingslinjer for Gloppen kommune
Ekteskapslova, jf. Lov om endringar i ekteskapslova ,
Skatteetaten - Ekteskap i Norge