Retningslinjer for borgarleg vigsel i Gloppen kommune

Vedteke av: Gloppen kommunestyre

Dato: 18. desember 2017. siste endring var 23. mars 2022.

Sak: 75/17

 

Frå 1. januar 2018 overtok kommunane ansvaret for borgarleg vigsel i Noreg. Desse retningslinjene viser rutinane som Gloppen kommune nyttar for gjennomføring av vigsel.

I Gloppen kommune har – i tillegg til ordførar og varaordførar – kommunedirektøren vigselsmynde.


1. Kven kan vigslast i Gloppen kommune?


Kommunen tilbyr kostnadsfri vigsel for innbyggarar i Gloppen og personar som ikkje er busette i Noreg, men likevel fyller vilkårene for å inngå ekteskap i Noreg, jf. ekteskapslova § 12a. Det er nok at ein av brudefolka er busett i kommunen for at Gloppen er pliktig til å tilby vigsel. Det er dei alminnelege reglane om folkeregistrering av bustadadresse som styrer kven som vert rekna som innbyggar i kommunen. Kommunen sitt tilbod om borgarleg vigsel gjeld også for utanlandske statsborgarar.


2. Førebuingar til vigsel


Før ekteskap kan inngåast må ekteparet legge fram ein gyldig prøvingsattest på tidspunktet for ekteskapsinngåinga. Denne attesten er det folkeregistermyndet som skriv ut. Attesten er gyldig i fire månadar frå utskrivinga. Prøvingsattesten vert gjeve på bakgrunn av ei rekke dokument, som m.a. ligg på Skatteetaten si heimeside. Informasjon om dette ligg også på kommunen si heimeside. I Gloppen kommune kan ein vigsel tidlegast avtalast frå det tidspunktet det føreligg ein gyldig prøvingsattest.


3. Tid og stad for vigsel


Gloppen kommune tilbyr kommunestyresalen i heradshuset som lokale for gjennomføring av vigsel. Her vert lokalet tilrettelagt for vigsel, og salen har plass til brudefolk og gjester.

Gloppen kommune er fleksibel på når og kvar ein vigsel kan finne stad. For å vere fleksibel må brudefolket kome med sine ønskje når dei bestiller vigsel. Dersom det er ønskjeleg at vigselen skal skje i eit anna lokale enn i kommunestyresalen, må ekteparet sjølv dekke kostnadene med leige av dette.


4. Gjennømføring av vigsel


Ein vigsel skal ha seremoniell karakter. Det borgarlege vigselsformularet vert nytta ved gjennomføringen av borgarleg vigsel. Seremonien kan tilpassast det enkelte brudeparet med for eksempel musikk og tekstlesning om dei ønskjer det. Dette må i tilfelle organiserast av brudeparet.

Viss ein av brudefolket er framandspråkleg, må det på førehand avtalast kva for språk som skal nyttast under seremonien. Vigsel kan skje på norsk eller engelsk.

Før vigsel vert gjennomført må vigslaren motta prøvingsattesten frå brudefolket/folkeregisteret. Brudefolket skal også legitimere seg. Gyldig legitimasjon må innehalde namn, bilete og fødselsdato. Det må vere to vitne tilstades under seremonien. Dette skal vere to myndige personar.

Vigslaren kan, dersom ho/han finn at det er grunn til tvil om eit vilkår er oppfylt, utsette vigselen. Brudefolket vert pålagt å bevise at vilkåra er oppfylte. Utover dette har ikkje vigslaren noko grunnlag for å nekte å gjennomføre ein vigsel.


5. Melding om vigsel og registrering


I prøvingsattesten fra folkeregistermyndet inngår også melding om vigsel og vigselsbok (skjema Q-0309). Melding om vigsel/vigselsbok skal fyllast ut av vigslar. Spørsmåla skal svarast på så langt dei passar. Brudefolket og vitna skal skrive under vigselsmeldinga. Innan tre dagar skal kommunedirektøren1) sende ein stadfesta kopi av dette til folkeregistermyndet.

Saman med vigselsmeldinga skal vigslar legge ved dokumentasjon for sitt vigselsmynde. Brudefolket får ein stadfesta kopi av skjemaet. Dette er gyldig som mellombels vigselsattest. Folkeregistermyndet skriv ut endeleg vigselsattest.

Kommunedirektøren1) er ansvarleg for å føre vigselsbok med oversikt over ekteskap som er inngått av Gloppen kommune. Det originale skjemaet «Prøvingsattest/melding om vigsel/Vigselsbok» utgjer vigselsboka.

1) Delegert til leiaren for servicetorget.


6. Økonomi


Gloppen kommune tar ikkje betaling for å vigsle nokon eller husleige for bruk av kommunestyresalen til vigslinga. Dersom brudepartet har spesielle ønskje som påfører kommunen kostnader utover det som er normaltilbodet, må brudeparet sjølv dekke meirkostnaden. Ei eventuell betaling skal avtalast på førehand.


7. Ønskjer du å bli vigsla i Gloppen kommune?


Brudefolk som ønsker å bli gifte av Gloppen kommune, fyller ut og sender inn elektronisk skjema for dette til servicetorget i kommunen. Elektronisk skjema ligg på kommunen si heimeside

I skjemaet må oppgjevast namn på brudeparet, e-postadresse, telefonnummer, ynskt lokalisering, dato og tid. Kopi av prøvingsattest må leggast ved. Den som skal gjennomføre vigselen tar stilling til om dette kan gjerast slik som brudeparet ønskjer.

Servicetorget svarar på spørsmål om vigsel og har kontakten med brudefolket for å førebu vigselen.