Borgarleg vigsel

Frå og med 1. januar 2018 overtok kommunane anvaret for borgarleg vigsel i Norge. Tidlegare var det tingrettane som hadde dette ansvaret. 

I ekteskapslova går det fram at det er ordførar og varaordførar som har vigselsmynde, og slik er det også i Gloppen.

hjarte - Klikk for stort bilete

Har de bestemt dykk for ekteskap, kan de fylle ut skjemaet for borgarleg vigsel, og sende inn til Servicetorget i Gloppen kommune. Skjemaet er elektronisk, og de loggar inn ved bruk av ID-porten. Her må de oppgje namn på brudeparet, e-postadresse, telefonnummer, ynskt lokalisering, dato og tid. Kommunen vil ta stilling til høvet for gjennomføring av vigsel slik som brudeparet ynskjer. Det skal også leggast ved kopi av prøvingsattest når ein sender inn skjemaet.

Lenke til skjema finn du her

Prøvingsattest

Før de kan gifte dykk, må Skatteetaten sjekke om de oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap, dette vert kalla prøving av ekteskapsvilkår. De loggar inn på skatteetaten.no sine nettsider og fyller ut skjema digitalt. Det enklaste er å nytte den nye innloggingsløysinga til skatteetaten, den finn du her. 

Når dette er gjort vil de få tilsendt ein Prøvingsattest frå Skatteetaten som vert grunnlaget for vigselsattest. 

Ver ute i god tid, men likevel ikkje meir enn 4 månadar før bryllaupet.

Kva kostar det?

Det kostar ingenting å gjennomføre vigsel. 

Kvar og når tid kan vigselen finne stad?

Gloppen kommune tilbyr kommunestyresalen i heradshuset (frå september 2018) som vigselslokale. Om det er ynskjeleg å ha vigselen ein annan stad vil vi vere fleksible og prøve å imøtekomme ynskja til brudeparet. Ekteparet må sjølv dekke kostnadane med leige av andre lokale.  

I hovudsak ynskjer vi å gjennomføre vigsel på fredagar i kontortida. I perioden mellom mai-september har vi opna opp for laurdagsvigsel på fastsette laurdagar. 

Datoane for laurdagsvigsel 2019 vil bli publisert her straks dei er fastsette.

Utover dette vurderer vi den enkelte førespurnad. Brudeparet må sjølvsagt komme med sine ynskjer når dei bestiller vigsel, så må den som skal vigsle vurdere om det let seg gjere å oppfylle ynskja. 

Vitne

Det må vere to vitner tilstades under vigselen. Dette kan vere forlovarane eller to andre myndige personar.

Kontakt

Det er Servicetorget i Gloppen kommune som administrerar borgarleg vigsel i Gloppen. 

Lenkjer til meir informasjon

Retingslinjer for Gloppen kommune, Ekteskapslova, jf. Lov om endringar i ekteskapslova , Skatteetaten - Ekteskap i Norge