Hvis du ikkje kan stille på møte skal du melde gyldig forfall med begrunning. Det same gjeld forfall i ein eller fleire saker pga. inhabilitet.
Korleis melde i frå?
Registrer forfall direkte i møteportalen, eller send e-post til servicetorget@gloppen.kommune.no
NB! Melder du forfall tett opp til møtetidspunktet (eit døgn eller mindre)
- då må du ringe! 57 88 38 00
Servicetorget kallar inn vara.
Delvis forfall til møte?
Dersom du er innhabil i nokre av sakene, kjem seint, eller må gå tidlig frå møtet så må du avtale dette med ordførar eller utvalsleiar i god tid før møtet startar. Saman vurderer de behovet for å kalle inn vara.
Ugyldig forfall
Ugyldig forfall vil for eksempel vere private reiser og ærend, avvikling av ferie, arbeid (med mindre det føreligg heilt spesielle grunnar).
Gyldig forfall
Om ein vert forhindra av sjukdom- eller velferdsgrunnar. Situasjonar som kan føre til at ein kan forsømme viktige eller uoppsettelige forretningar eller plikter, deltaking i møter i andre offentlege organ og reiser i samband med jobb.
Forfall til fleire møter, permisjon eller fritak
Dersom du i ei periode ikkje kan utføre vervet ditt som folkevald, kan kommunestyret godkjenne ein søknad om fritak. Fritaket kan vere for ei periode eller resten av valperioden.
Søknad om fritak skal vere skriftleg. Søknaden må innehalde grunngjeving for fritaket/permisjonen og kva tidsrom den gjeld for. Når kommunestyret behandlar søknaden din skal dei vurdere om du visste om utfordringa då du sa ja til å stille til val. Ein folkevalgt som har fått innvilga midlertidig fritak har ikkje rett til å tre inn igjen i vervet før fritaksperioda er over.
Hugs at fram til søknaden er handsama av kommunestyret må du melde ordinært forfall til møta du er medlem i.
Slik søkjer du
Bruk elektronisk skjema (sikker pålogging)
Send epost til postmottak i Gloppen