Etiske retningslinjer for folkevalde

Vedteke av: Gloppen kommunestyre

Dato: 18. desember 2019

Sak: 108/19

Innleiing

Gloppen kommune sine etiske reglar skal medverke til bevisstgjering av folkevalde, tilsette og andre som utfører arbeid for kommunen. Våre haldningar og handlingar vil påverke innbyggjarane sin tillit til kommunen, og vi har alle eit personleg ansvar for korleis vi opptrer. Ein open kultur for å samtale om etiske spørsmål og dilemma er nødvendig for å utvikle eit godt etisk og fagleg skjønn.

Leiarane i Gloppen kommune har ansvar for at alle tilsette er gjort kjende med innhaldet i dei etiske retningslinjene.

Det etiske fundament

Kommuneforvaltninga skal vere tillitsskapande og bygge på høg etisk standard, jf. kommunelova § 1-1:

For å oppnå dette må vi vere objektive og uavhengige i avgjerder og handlingar. Forvaltningslova sine reglar for habilitet gjeld alltid, og desse er - saman med kommunen sine etiske retningslinjer - viktige verktøy i denne samanhengen.

Etisk medvit i kvardagen hjå alle som yter tenester til innbyggjarane er viktig for å skape ei trygg og sikker forvaltning og for å skape eit godt omdømme. Som representant for Gloppen kommune har alle eit sjølvstendig ansvar for å bidra til at kommunen sin tillit og omdømme blir ivareteken. Dei etiske retningslinjene skal vere til hjelp for den enkelte til å handle rett.

Ei opa forvaltninga med innsyn i kommunen si verksemd er ein føresetnad for tillit frå innbyggjarane og eit godt lokaldemokrati. Tilsette i kommunen skal alltid gje korrekte og tilstrekkelege opplysningar til innbyggjarar, organisasjonar, selskap og andre. Å vere open handlar også om å skrive eit språk som innbyggjarane forstår.

Kommunen si forvaltning og verksemd er utsett for tilsyn og kontroll utanfrå. Høg etisk standard hjå den enkelte, god internkontroll og fokus på kvalitet i forvaltninga skal bidra til ei så god samfunnsansvarleg drift som råd er. Dette skal bidra til å sikre Gloppen kommune tillit og eit godt omdømme.

Utover desse retningslinjene pliktar alle lojalt å overhalde dei lover, forskrifter og reglement som gjeld for kommunen si verksemd. Alle tilsette skal arbeide lojalt for å gjennomføre dei vedtak som er gjort.

Habilitet

Tilsette og folkevalde i kommunen skal unngå å kome i situasjonar som kan medføre konflikt mellom kommunen sine interesser og personlege forhold, jf. forvaltningslova. Dersom personlege interesser kan vere eigna til å påverke avgjerda i ei sak du har fagleg ansvar for eller deltar i behandlinga av, skal du ta dette opp med næraste overordna.

Tilsette i Gloppen kommune kan ikkje utan løyve ha anna arbeid, verv eller eigarinteresser som kan føre til inhabilitet etter reglane i forvaltningslova. Tilsette pliktar å orientere om slike bierverv. Alle skal vere opne om engasjement i organisasjonar som kan ha innverknad på habilitet og lojalitet.

Informasjon

Fortrulege opplysningar som du blir gjort kjent med i samband med behandling av saker i kommunen må respekterast, og ikkje brukast i personleg vinning eller til ugrunna skade for andre. Ingen informasjon som blir gitt i kommunal samheng skal bevisst vere ukorrekt eller upåliteleg.

Tilsette og folkevalde er underlagde forvaltningslova sine reglar om teieplikt og eventuelt andre aktuelle særlover, jf. eige skjema for teieplikt.

Tilsette i Gloppen kommune kan gje faktaopplysningar om eige arbeidsområde. Som alle andre innbyggjarar kan kommunalt tilsette delta i samfunnsdebatten og uttale seg på eigne vegne, men det er kommuneleiinga som bestemmer kven som uttalar seg på kommunen sine vegne.

Tilsette og folkevalde skal ha eit bevisst forhold til kven, kva og korleis vi omtalar nokon på sosiale mediar som for eksempel facebook, blogg og twitter. Lojalitetsplikta overfor arbeidsgjevar skal ivaretakast.

Varsling

Gloppen kommune skal kjenneteiknast av eit trygt og ope arbeidsmiljø. Det er eit mål at kritikkverdige forhold skal avdekkast og følgjast opp. Folkevalde skal varsle til gruppeleiar medan tilsette primært skal varsle internt til næraste leiar, evt. sektorleiar. Gjengjelding frå arbeidsgjevar overfor den som varslar skal ikkje skje.

Gloppen kommune har utarbeidd rutinar for kven som kan varsle og framgangsmåte for varsling. Rutine og skjema for varsling står i personalhandboka.

Personlege fordelar

Tilsette og folkevalde i Gloppen kommune skal ikkje, verken for seg sjølv eller andre, ta imot - eller leggje til rette for å ta imot - gåver, provisjonar, tenester eller andre ytingar eller fordelar som er eigna til, eller som av gjevaren, er meint å påverke vedkommande sine handlingar i tenesta.

Med mindre gåva er av ubetydeleg verdi, pliktar tilsette og folkevalde i Gloppen kommune å gje avkall på gåver og testamentariske gåver frå brukarar av kommunen sine tenester, sjølv om gåva ikkje kan påverke tenesteytinga. Gåve til ei avdeling som kjem alle brukarar til gode kan aksepterast. Under dette kjem også minnegåve til ei avdeling i samband med gravferd. *)

Mottekne gåver som etter dette punktet ikkje kan behaldast, skal leverast til næraste leiar som skal returnere gåva til avsendar med eit svarbrev som gjer greie for kommunen sine reglar om dette.

Moderate former for gjestfridom og representasjon høyrer med i samarbeidsforhold og informasjonsutveksling. Graden av slik merksemd må likevel ikkje vere slik at den kan påverke avgjerdsprosessar, eller kan gje andre grunn til å tru at dette kan skje.

Reise- og opphaldsutgifter i samband med representasjon, kurs, seminar eller studieturar skal alltid dekkast av kommunen. Unntak frå dette prinsippet kan berre skje etter særskilt vurdering. Denne regelen gjeld også eventuelle følgje. 

Innkjøpsreglementet sine etiske prinsipp må følgjast for alle kommunale innkjøp. (er under arbeid)

Bruk av kommunen sine eigendelar

Folkevalde og tilsette skal ta vare på kommunen sine eigendelar på den mest økonomiske og rasjonelle måte, og medverke til at eigendelane ikkje blir misbrukt eller sløsa med. Alle har eit ansvar for å melde frå om tilhøve som kan påføre Gloppen kommune tap eller skade slik at det kan setjast i verk tiltak med sikte på å unngå eller avgrense tapet eller skaden.

Kommunen sine eigendelar skal som hovudregel berre brukast i kommunal teneste. Privat bruk kan berre skje etter godkjenning frå ansvarleg leiar.

Sanksjonar

Alle tilsette skal vere kjende med innhaldet i dei etiske retningslinjene.

Alle har eit sjølvstendig ansvar for at eigne handlingar er i tråd med dei etiske retningslinjene. Dersom det er tvil om eit forhold er innanfor dei etiske retningslinjene, skal forholdet takast opp med næraste overordna, eller gruppeleiar for dei folkevalde.

Brot på dei etiske retningslinjene kan få konsekvensar for arbeidsforholdet. Handlingar kan òg vere av ein slik art at dei kan medføre påtale og straffereaksjonar etter straffelova.

*) - presisering av ordlyd vart utført av administrasjonen og teke til orientering av Administrasjonsutvalet 29.11.2023