Eit innbyggarforslag gjev deg rett til å få ei sak behandla av kommunestyret hvis to prosent eller 300 innbyggarar signerar på forslaget.
Kven kan nytte forslagsretten?
Både enkeltpersonar og organisasjoner med tilknytning til Gloppen kommune. Forslag kan også fremmast av personar under 18 år.
Krav til formulering
Det må gå tydelig fram kva ein ynskjer at kommunestyret skal ta stilling til. Forslaget bør vere så presist formulert at det er mulig for kommunestyret å vedta forslaget slik det vert lagt fram.
Korleis går eg fram?
Bruk nettportalen minsak.no. Opprett sak, og ver tydelig om kva forslaget handler om. På denne portalen finn du også god og generell informasjon om innbyggarforslag
Behandlingstid
Når ei sak er oversendt kommunen, skal saka behandlast av kommunestyret innan 6 månedar.