Sjå vedtak frå møte 3. juni
Bakgrunn for høyringa er at opplæringslova slår fast at kommunar kan fastsette lokale forskrifter om skulekrinsar etter §2-6. I sist revidering av Barnehage- og skulebruksplan vart det vedteke at vi skal lage ei lokal forskrift om skulekrinsar.
Gloppen har ikkje hatt ei vedteken lokal forskrift om skulekrinsar, men mange vedtak gjennom åra har forma ein praksis. Det er i første rekkje grensa mellom Sandane skule og Nordstranda skule det for mange har vore uklarheit rundt.
Forskrifta er bygt opp slik:
§ 1 Formål,
§ 2 Verkeområde,
§ 3 Skulekrinsar,
§ 4 Tildeling av skuleplass,
§ 5 Søknad om skuleplass utanfor skulekrinsen,
§ 6 Særskilt for Sandane og Nordstranda skule,
§ 7 Klage og
§ 8 Ikraftsetjing.
Gå til forskrifta her!
Helse- og oppvekstutvalet ynskjer i tillegg til innspel på skuleruta tilbakemelding på praksis med avspassering for elevar på dagar som ligg i skuleruta. Avspassering kan vere som følge av aktivitetar på ettermiddag/kveld og turar med overnatting.
Merknader
Du kan kome med skriftleg uttale til forskrifta innan fristen 20. september.
Uttale skal merkast med 26/1885, Forskrift om skulekrinsar og kan sendast via e-skjemaet:
Gå til skjema for høyringsuttale (ID-pålogging)
Alternativ til elektronisk skjema:
Bruk «eDialog» Sikker digital post.
Send e-post til: post@gloppen.kommune.no , eller post til Gloppen kommune, Grandavegen 9, 6823 Sandane.
Har du spørsmål?
Sprsmål kan rettast til
Per Arne Strand, Kommunalsjef oppvekst
Epost: per.arne.strand@gloppen.kommune.no