Revidert budsjettframlegg publisert 16.12.2025

Sp, H, Ap, Krf, MDG og V har fremja eit felles revidert budsjettframlegg. Framlegget er publisert 16.12.2025 og er basert på kompromissframlegget som vart vedtatt av formannskapet 26.11.2025.

I framlegget er følgande endringar innarbeidd i høve kompromissframlegget til formannskapet:  

Drift

Tatt inn igjen tilskot til Inviro AS (30 000 kr alle åra 2026-2029)

Tatt inn igjen tilskot til Midtvegen 615 AS (20 000 kr alle åra 2026-2029)

Tatt inn igjen tilskot til Studentstova, tilskot gjennom GN (40 000 kr alle åra 2026-2029)

Lagt inn nytt tiltak “POL - Tilskot til Gloppen Næringsorganisasjon” på 500 000 kr alle åra 2026-2029

Tilskot til Gloppen Næringsorganisasjon vert finansiert ved å auke tiltaket "ADM - Administrative innsparingstiltak - Formannskapet (år 1-4) " med 500 000 kr alle åra 2026-2029

Lagt inn forventa auke i rammetilskot på 3,67 mnok i 2026 etter revidert statsbudsjett  

Investering

I dette reviderte budsjettframlegget er det ikkje lagt inn endringar på investering i høve kompromissframlegget til formannskapet. 

Lenker til meir informasjon og viktige datoar i handsaminga: 

Lenke til kommunedirektøren sitt framlegg per 06.11.2025

Lenke til kompromissframlegg vedtatt og lagt ut på høyring av formannskapet 26.11.2025

Oppsummering av budsjettinnspel som kom inn innan fristen 10.12.2025

Lenke til revidert framlegg (fellesframlegg Sp, H, Ap, Krf, MDG og V) per 16.12.2025

Førre artikkel om budsjettsaka