Handlings- og økonomiplan for 2026-2029

Formannskapet utarbedde eit felles kompromissforslag i møtet 26.november. Forslaget består av endringar i høve kommunedirektøren sitt framlegg. Dette vart samrøystes vedteke, og ligg no ute på høyring fram til 10.desember. 

Lenke til både kommunedirektøren sitt framlegg, kompromissforslaget med endringar, samt høyringsskjema finn de lenger nede i artikkelen. Kommunestyret skal gjere si handsaming og vedtak i møtet 17.desember. 

Dette seier kommunedirektøren i si innleiing:

Det konsekvensjusterte budsjettet, som vart utarbeidd tidlegare i haust, syner at kommunen må ta ned drifta med om lag 14 mill. i 2026 for å balansere budsjettet utan å bruke midlar frå disposisjonsfondet vårt. 


Budsjettframlegget frå kommunedirektøren er ikkje tilstrekkeleg med tanke på å oppnå balanse i det komande året (jf. den politiske bestillinga). Underskotet vil bli på om lag 6 mnok i 2026. Dette skuldast at fleire av tiltaka som er foreslått, ikkje vil gje heilårseffekt det første året. Framskrivinga i økonomiplanen syner at det vil vere mogleg å skape positivt driftsresultat frå og med 2027. 


I framlegget til kommunedirektøren er det oppvekst som må ta den største delen av kuttet. Dette heng saman med at Gloppen kommune har fleire eldre, og færre i arbeidsfør alder. Det er likevel også lagt inn kutt som vil gje redusert tenestetilbod innanfor helse og velferd. Vidare set kommunedirektøren i gang eit prosjekt med sikte på å redusere ressursbruken i kommuneadministrasjonen.

Viktige snarvegar: 

Møte i formannskapet 12. november - Gå til møtedokument

Framlegg til Handlings- og økonomiplan for 2026-2029 (Digital versjon i Framsikt)

Framlegg til Handlings- og økonomiplan for 2026-2029 (nedlastbar pdf-versjon)

Alternative budsjettframlegg: 

Budsjettforslag 2026-2029 frå Gloppen Sp og Gloppen SV

Budsjettforslag 2026-2029, kompromissforslag frå Formannskapet 26. november

Viktige datoar for den politiske handsaminga:  

  • 12.11.2025 - Presentasjon - Formannskapet  
  • 17.11.2025 - Presentasjon - Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne
  • 17.11.2025 - Presentasjon - Eldrerådet 
  • 18.11.2025 - Presentasjon - Ungdomsrådet 
  • 19.11.2025 - Presentasjon - Helse- og oppvekstutvalet 
  • 19.11.2025 - Presentasjon - Samfunnsutvalet 
  • 26.11.2024 - Handsaming og vedtak om forslag på høyring - Formannskapet  
  • 17.12.2024 - Handsaming - Kommunestyret

Oppsummering - høyringsframlegg pr 26.11.2026

Det er utarbeida eit dokument som oppsummerer framlegget som er lagt ut på høyring av formannskapet 26. november 2026 (sak 099/25)  Denne oppsummeringa finn de som pdf-versjon her: 

Oppsummering - framlegg lagt ut på høyring - Formannskapet 26.11.2026 (PDF, 217 kB)

Merknadar

Har du merknadar til kompromissforslaget frå Formannskapet 26. november  vil vi gjerne høyre frå deg innan fristen 
10. desember. 

Gå til skjema for registrering av dine innspel

Har du andre spørsmål til prosessen eller dokumenta?

Det kan du sende på epost til: budsjett@gloppen.kommune.no