Oppsummering av seminar om frivilligheit

Det var godt oppmøte i Trivselshagen den 11. februar då kommunen arrangerte seminar om frivilligheit. Oppsummeringa er no lagt ut.

Bilde frå kinosalen med publikum og ordøfrar Arnar Kvernevik - Klikk for stort bileteOrdførar Arnar Kvernevik ønskte velkomen til kunnskapsseminaret May Britt Sægrov

Ordførar Arnar Kvernevik ønskte dei rundt 60 frammøtte velkomne til seminaret. Kommunestyret ønskjer å framheve kor verdifull frivilligheita er for lokalsamfunnet i Gloppen, som er ein av grunnane til at det no blir laga ein kommunedelplan for frivilligheit.

Kommunalsjef Torbjørn Brandsæter fortalde litt om frivilligheita i Gloppen og om kommunen sitt samarbeid med frivillige. Deretter var det duka for påfyll av kunnskap frå Trude Risnes i Distriktssenteret og Brita Brekke frå Frivilligheit Norge.

Etter foredraga samla deltakarane seg i grupper for å reflektere rundt det dei hadde høyrt, og kom med idear til nye måtar å samarbeide på som kan gjere det enklare å vere frivillig.

Seminaret har gitt oss ein felles kunnskap som vi vil bruke vidare i arbeidet med planen, og vi takkar for godt oppmøte!

Oppsummering av presentasjonane og kafédialogen kan du finne på lenka under. Her vil du etterkvart også finne meir informasjon om arbeidet med plan for frivilligheit:

Plan for frivilligheit (under arbeid)