Planen var justert etter første høyring og vart vedteken utan fleire endringar. Den vedtekne reguleringsplanen er straks bindande for framtidig arealbruk i området.
I samsvar med plan- og bygningslova § 12-12 vert grunneigarar, naboar og andre som blir direkte påverka varsla ved brev. Planvedtaket blir også kunngjort i Firda Tidend.
Finn plandokumenta
Vedtaket og plandokumenta med vedlegg er tilgjengelege her:
Møte i Gloppen kommunestyre, 19.06.2025, sak KOM-049/25
Plandokument og vedlegg vil innan kort tid også vere tilgjengelege i digitalt planregister og i kommunen si kartløysing på nett.
Eventuelle klager
Kommunestyret sitt vedtak kan klagast på til Statsforvaltaren, jf. pbl. §§ 1-9 og forvaltningslova kapittel VI.
Ei eventuell klage skal vere skriftleg og grunngjeven, og skal sendast til Gloppen kommune via sikker digital post (eDialog), per e-post til postmottak@gloppen.kommune.no, eller per post til Gloppen kommune, Grandavegen 9, 6823 Sandane, innan 15. juli 2025.
Erstatning og innløysing
Krav om erstatning eller innløysing, jf. pbl. kapittel 15, skal vere framsett innan tre år frå denne kunngjeringa.