Kartleggingsskjema ligg ute no
Gloppen kommune jobbar med å hente inn kunnskap om frivilligheita i Gloppen til kommunedelplan for frivilligheit.
Vi inviterer no alle frivillige lag, organisasjonar og foreiningar i Gloppen til å delta i ei kartlegging, slik at vi får betre innblikk i dykkar utfordringar og behov. Der kan de òg kome med innspel og synspunkt på korleis vi bør samarbeide i åra framover.
Vi håpar de vil bruke litt tid på å diskutere desse spørsmåla i styret, og deretter sende inn som innspel til planarbeidet. Frist for å svare på skjemaet er søndag 12. april.
Gå til skjema - Kartlegging - frivillige lag
Frivilligkveldar i april
I forlenging av kartlegginga inviterer vi til tre samlingar for frivillige i Gloppen. Der håpar vi å bli endå betre kjende med dykk og diskutere gode løysingar.
- Hyen - 16. april
- Breim - 23. april
- Sandane - 27. april
Set av datoen for det møtet som passar best for laget ditt! Sjå Gloppen sin aktivitetskalendar for påmelding og meir informasjon.
Du kan også melde deg på direkte her
Vi planlegg også ei eiga samling for dei som er frivillige gjennom Frivilligsentralen. Dette blir den 10. april kl. 12. Tidspunkt for dette kjem.
Har de behov for eige dialogmøte?
Av omsyn til ressursbruk har vi i første omgang ikkje sett opp eigne dialogmøte for grendene, men lagt opp til at laga kan vere med på eitt av dei tre fellesmøta.
Dersom nokon likevel ser behov for eit eige møte for si grend eller ei mindre gruppe og ønskjer å vere med å planlegge dette, kan vi finne ein dato i lag. Ta i så fall kontakt med Åse-Birgitte Berstad på telefon 47 99 94 33, eller e-post (sjå under).
Meir informasjon om planarbeidet
På lenka under finn du meir informasjon om planarbeidet. Der finn du òg oppsummering av kunnskapsseminaret om frivilligheit som vart arrangert den 11. februar.
Plan for frivilligheit (under arbeid)