Kartlegging av frivillige lag i Gloppen – utvida frist

Vi vil gjerne takke alle frivillige som stilte opp på frivilligkveldane i Hyen 16. april, Breim 23. april og på Sandane 27. april!

Både gjennom frivilligkveldane og kartlegginga av frivillige lag i Gloppen har vi fått inn mange gode innspel til kommunedelplan for frivilligheit. Vi har fått innblikk i dykkar arbeid, behov og ønsker, og har delteke i gode diskusjonar om viktige tema. Vi set stor pris på at de tek dykk tid til å delta.

Utvida frist for å svare på kartlegginga

For å få eit mest mogleg rett bilde av frivilligheita i Gloppen ønskjer vi litt fleire svar på kartlegginga. Vi har derfor utvida fristen til den 16. mai.

Vi oppmodar derfor alle lag og organisasjonar i Gloppen som ikkje har svart på spørjeskjemaet om å fylle ut skjemaet under: 

Gå til skjema - Kartlegging - frivillige lag 

Dialogmøte på frivilligsentralen den 11. mai

Vi arrangerer eit eige dialogmøte på dagtid for dei som er frivillige gjennom Gloppen frivilligsentral, den 11. mai kl. 12:00-14:00. Det blir sendt direkte invitasjon til dei som allereie er frivillige. Andre interesserte eller som vurderer å melde seg som frivillig er også velkomne. 

Har de behov for eige dialogmøte?

Dersom de ønskjer ein uformell prat med nokon av oss i arbeidsgruppa, til dømes om spesielle problemstillingar for ditt lag, er det berre å ta kontakt med Åse-Birgitte Berstad på telefon 47 99 94 33, eller e-post . Ønskjer de eit eige dialogmøte for fleire lag kan vi finne ein dato i lag. 

Meir informasjon om planarbeidet 

Her finn du meir informasjon om planarbeidet. 

Der finn du òg oppsummering av kunnskapsseminaret om frivilligheit som vart arrangert den 11. februar.