Samfunnsutvalet har for 2026 sett av kr 450 000 som skal gå til frivillige organisasjonar som jobbar med barn og unge, idrettslag, song- og musikklag, grendahus, løypekøyring, friluftsorganisasjonar, kunstformidling, kulturarv og elles andre kulturaktørar.
Kven kan søkje?
Lag som har har høge driftsutgifter, og problem med å få nok inntekter til å dekke dei. Det er også muleg å søke om kulturmidlar der laget skapar noko som bidreg til eit fellesskap. Her er det viktig at dette vert utdjupa i søknadsskjema, slik at kommunen får eit godt vurderingsgrunnlag.
Les meir om tilskotsordningane her.
Søknadskjema
Ver obs på at det er to ulike søknadskjema (sikker pålogging med ID-porten)
Skjema for kulturmidlar
Skjema for tilskot til naturforvaltning og friluftsliv
Trening for alle
Birte Fossheim