Dyrka jord er i praksis ein ikkje-fornybar ressurs, då det tek særs lang tid å danne god matjord og jordvernet er viktig for å ta vare på matproduserande areal. I nokre tilfelle må dyrka jord omdisponerast og rettleiaren skal i desse tilfella vere eit verktøy for å sikre at jorda som vert omdisponert vert teke vare på og at ein får ein lik praksis i plan- og byggjelovsaker og ei meir effektiv sakshandsaming.
Rettleiaren tek føre seg korleis tiltakshavar eller utbyggjar skal gå fram når det skal byggjast på areal der det er dyrka jord og korleis denne kan nyttast vidare til matproduksjon enten ved at det vert nydyrka eller forbetra allereie eksisterande jordbruksareal.
Gå til høyringsutkastet her.
Har du innspel?
Vi inviterer til å kome med skriftlege innspel til strategien innan fristen 20. august 2025.
Fråsegn skal merkast med: 25/2085 og Rettleiar for jordflytting i plan og byggelovsaker , og kan sendast via e-skjemaet
Skjema for høyringsuttale (ID-pålogging)
Alternativ til elektronisk skjema:
Fråsegner kan sendast via eDialog
e-post til post@gloppen.kommune.no
eller brevpost til Gloppen kommune, Grandavegen 9, 6823 Sandane.
Vidare prosess
Endeleg rettleiar skal handsamast politisk hausten 2025.