Endringane i vedtektene som er foreslått er slik:
Mindre endringar som er gjort frå gjeldande vedtekter er:
- Endra namn på det politiske utvalet til Helse- og oppvekstutvalet.
- Endra lovtilvisningar i tråd med gjeldande barnehagelov.
- Endra stillingstitlar i tråd med slik dei er no i Gloppen kommune.
- Endra teksten slik at den speglar delegeringsreglementet til Gloppen kommune.
Større endringar som er gjort i nye vedtekter er:
Barnehageopptak / Vilkår for opptak §3-3.
Her er vedtektene forsøkt gjort tydlegare med punkt i prioritert rekkefølge på kva som gjeld ved barnehageopptaket. Dei er sett opp i nummererte punkt. Det som er fastsett i barnehagelova som prioritet er samla i punkt 1. Vidare er inntak av minoritetsspråklege barn presisert når det gjeld språk og at det er ved busetjing prioriteringa gjeld. Elles er søskenprioriteten løfta fram, slik at søsken lettare kan få tilbod om plass i same barnehage og at det går føre prioritet etter alder. Eit punkt med prioritet av adoptivbarn er teken vekk. Det er og understreka at det i opptaket kan verte nytta skjønn ved fordeling av søkjarar.
Opningstider §4-1
Her er ramma for opningstidene justert til kl. 07.00 – kl. 16.30 frå 06.45 – 17.00. Det er og endra til at det er Helse- og oppvekstutvalet som vedtek opningstidene innanfor denne tidsramma i samband med vedtak om barnehageruta kvart år. Tidlegare var det styrar som hadde den vedtaksretten. Eit alternativ her kan vere at opningstidene vert bestemt i samarbeidsutvalet i kvar barnehage.
Opningstidene er viktige av to grunnar. For foreldrene sin fleksibilitet i kvardagen og prioritering av bemanning i ein kortare tidsperiode, slik at det vert fleire på jobb, når det er flest barn i barnehagen.
Helse- og oppvekstutvalet vil at høyringa og skal be om tilbakemeldingar på følgande problemstillingar i tillegg til det som alt ligg i høyringsutkastet:
- Skal barnehageåret starte 1. august og ikkje 15. august som no. Kva konsekvensar vil det gje?
- Skal vi gå over til to barnehagetiltak i året? Kva konsekvensar vil det gje?
Gå til høyringsutkastet her!
Merknader
Du kan kome med skriftleg uttale til vedtektene innan fristen 30. september.
Uttale skal merkast med 17/407 eller vedtekter for kommunale barnehager, og kan sendast via e-skjemaet:
Gå til skjema for høyringsuttale (ID-pålogging)
Alternativ til elektronisk skjema:
Bruk «eDialog» Sikker digital post.
Send e-post til: post@gloppen.kommune.no , eller post til Gloppen kommune, Grandavegen 9, 6823 Sandane.