Høyring - Felles strategi for midlar til jord- og skogbrukstiltak (SMIL, TIB, NMSK) 2026-2030

Samfunnsutvalet i Gloppen kommune gjorde vedtak i sitt møte 04.06.2025 i sak 042/25 om å legge «Strategi for tildeling av tilskot til jord- og skogbrukstiltak (SMIL, TIB, NMSK) 2026-2030» ut på høyring. 

Høyringsfristen er sett til 20.08.2025.

Kommunen har mynde til å tildele midlar på einskilde statlege tilskotsordningar på jord- og skogbruksområdet og får tilført midlar frå staten til dette via Statsforvaltaren i Vestland. 

Dei statlege tilskotsordningane er 

  • «Spesielle miljøtiltak i jordbruket» (SMIL) 
  • «Tiltak i beiteområde» (TIB) 
  • «Nærings- og miljøtiltak i skogbruket» (NMSK). 

Strategien omhandlar føringar for korleis kommunen skal prioritere søknadar om tilskot på desse ulike ordningane.

Strategien tek utgangspunkt i utfordringar i jord- og skogbruket i kommunen og korleis desse tilskotsordningane skal bygge opp under målsettingar og lovkrav for jord- og skogbruket i Gloppen.

Gå til høyringsutkastet her.  

Har du innspel?

Vi inviterer til å kome med skriftlege innspel til strategien innan fristen 20.08.2025. 

Fråsegn skal merkast med: 25/2028 og «Felles strategi – SMIL, TIB, NMSK 2026-2030» , og kan sendast via e-skjemaet

Skjema for høyringsuttale  (ID-pålogging)

Alternativ til elektronisk skjema:

Fråsegner kan sendast via eDialog 
e-post til post@gloppen.kommune.no  
eller brevpost til Gloppen kommune, Grandavegen 9, 6823 Sandane.

Vidare prosess

Endeleg strategi skal handsamast politisk hausten 2025.