Høyring - Barnehage og skulebruksplan

Helse- og oppvekstutvalet vedtok i sak 042/25 å legge revidert Barnehage- og skulebruksplan ut på høyring i perioden 5. juni til og med 5. september 2025.  Saka skal politisk behandlast i oktober 2025. 

Planen tek føre seg dei fysiske og tekniske rammene for barnehage- og skuledrift  i Gloppen. Planen seier ikkje noko om innhaldet og prioriteringa av det faglege arbeidet i skule- og barnehage. Der det er naudsynt vil det vere omtala trendar som ein bør ta omsyn til i høve utforming av framtidige areal.  
Planen har ved denne revideringa sett lite på barnehageområdet, men er justert med det som har skjedd sidan sist. Kapasitet og barnetalsutvikling går rimeleg i hop i planperioden. Planen skisserar og 3 alternativ for Gloppen opplæringssenter, alternativa vil henge saman med kva som skjer med dei samla kommunale behova framover.

Revideringa i denne omgang har i første rekkje sett på samanslåing av Nordstranda og Sandane skule og justering av skulekrinsgrenser, samt oppdatert statistikk på befolkning, barnetal og elevtal. Tilrådinga er at vi skal vurdere å slå saman Sandane og Nordstranda skule frå skuleåret 30/31. For å spare pengar vert det foreslått å ta ei tilsvarande innsparing som ei samanslåing ville gitt, fordelt på alle skulane i åra framover. Det vert ikkje forslått å justere skulekrinsgrenser i denne omgang, men det er noko vi svært gjerne vil ha innspel på, både mellom Sandane og Nordstranda og Sandane og Hyen.

Gå til høyringsutkastet her.

Merknader

Du kan kome med skriftleg uttale til planen innan fristen 5. september.
Uttale skal merkast med 25/909 til høyringa for Barnehage- og skulebruksplan, og kan sendast via e-skjemaet:

Gå til skjema for høyringsuttale (ID-pålogging)

Alternativ til elektronisk skjema:
Bruk «eDialog» Sikker digital post.
Send e-post til: post@gloppen.kommune.no , eller post til Gloppen kommune, Grandavegen 9, 6823 Sandane.