Det er utarbeida eit planprogram som foreslår kva plan for frivilligheit skal innehalde og korleis vi skal jobbe med medverknad i planarbeidet. I kapittel 3 og 4 i planprogrammet kan du lese meir om dette. Les planprogrammet her:
Planprogram til høyring
Innspel til planprogrammet
Planprogrammet vil ligge på høyring i 6 veker. Frist for å kome med innspel er 22. oktober.
Du kan sende skriftleg innspel innan fristen via elektronisk skjema under. Uttale skal merkast med sak 24/5097 og «Innspel til planprogram – Kommunedelplan for frivilligheit».
Gå til skjema for høyringsuttale (ID-pålogging)
Alternativ til elektronisk skjema:
Sjølve planarbeidet startar opp i 2026
Planprogrammet skal stadfestast av kommunestyret på møte i desember. På nyåret startar arbeidet med sjølve planen, der vi skal hente inn kunnskap, drive medverknad og gje planen innhald. Det blir lagt opp til god involvering av lag og organisasjonar i planprosessen slik det er omtalt i planprogrammet i kapittel 4.
Når sjølve planen blir lagt ut på høyring kan du kome med merknader også til denne.
Har de spørsmål kan de ta kontakt med Birte Fossheim på e-post birte.fossheim@gloppen.kommune.no eller telefon 92477248.