Hjortejakta startar 1. september
Alle jaktinteresserte har nok markert av 1. september i kalendaren sin allereie.
Vi ynskjer vi alle skitt jakt, med høg fellingsprosent og balansert uttak! - og legger med litt informasjon om jakta som både er viktig og nyttig!
Jakttida for hjort er frå 1. september til og med 23. desember.
Ettersøksavtale innan jaktstart
Alle jaktlag og personar som jaktar åleine, skal ha tilgang på godkjent ettersøkshund. Ei avtale må vere på plass innan jaktstart. Ved private avtalar (dvs ikkje med ettersøksringen) skal kopi av avtalen sendast til kommunen
Vaktliste for Gloppen ettersøkring for jakta 2026 finn du her (PDF, 393 kB)
Oppsummering av viktig informasjon
- Alle vald må ha på plass ettersøksavtale før jakta startar. Ved private avtalar (dvs ikkje med ettersøksringen) skal avtalen sendast til kommunen.
- Fellingsrapport skal leverast av valdleiar innan tysdag 6. januar 2027. Fellingsrapport leverast på skjema eller digitalt gjennom hjorteviltregisteret. Det skal informerast om kjønn og alderskategori på alle felte dyr, inkludert kalv skote på kvotefri jakt. Det forventast at
jeger undersøker kjeven på felte dyr for å rapportere inn rett alderskategori. - Kommunen samlar ikkje inn kjevar til aldersbestemming i 2026.
- Alle godkjente vald kan nytte seg av kvotefri jakt på kalv.
- Etter ny viltressurslov er det ikkje lov å nytte termisk eller restlysforsterkande siktemiddel.
- Kommunestyre vurderer eventuell ny lokal forskrift 16.09.2026.
- Merka dyr kan fellast. Sjå eigne rutinar ved felling av merka hjort eller tilhøyrande kalv.
- Hjort med hudvorter skal rapporterast med bilde til kommunen med informasjon om stad, fellingsdato, aldersgruppe, kjønn og kondisjon.
- Fellingsavgifta i Gloppen er under vurdering. Informasjon om dette blir ettersendt når det er vedteke.
- Ettersøksavgift ved avtale med ettersøksringen: kr 130 per dyr.
Meir informasjon
Utmarksforvaltaren i Gloppen sitt infoskriv om jakta 2026 kan du lese i si heilhet her (PDF, 496 kB)
Gå til kommunal informasjon om hjorteforvaltning
Publisert 27.08.2026 10.36