Merkeprosjektet «vesthjort» har pågått sidan 2019 i regi av NIBIO.
Merka dyr i Gloppen
Det har totalt vore merkt 12 hjort i Gloppen kommune. Dei fyste dyra vart merka i kommunen i 2020., og dei siste dyra vart merka i mars 2023. Halsbanda med GPS-sendar heng på hjorten i underkant av to år, medan øyremerke er permanent.
Du kan følge dyra
Gå til NIBIO si kartløysing «dyreportalen».
Kan merka dyr fellast?
Det er ikkje ønskeleg at merka dyr med halsband skal fellast under jakta, men når halsbandet har falt av, kan dyra fellast. Då ønskjer NIBIO ekstra informasjon om dyra, samt at kjeven vert teke vare på.
Ved felling av merka dyr (eller tilhøyrande kalv), last ned og fyll ut rapportskjema - skal sendast til Gloppen kommune
Last ned rapportskjema til utfylling (PDF, 132 kB)