Handlings- og økonomiplan for 2025-2028

Kommunestyret skal innan utgangen av kvart år vedta ein økonomiplan og eit årsbudsjett.  For Gloppen sin del vil det seie at kommunestyret skal handsame og vedta både plan og budsjett i det siste kommunestyremøtet før jul, den 18. desember. 

Dette seier Kommunedirektøren i si innleiing:

Dei demografiske endringane er i ferd med å råke kommunen hardt. I løpet av det neste tiåret aukar talet på eldre over 80 år med meir enn 200 personar i Gloppen. Samstundes syner SSB si folketalsframskriving at talet på skulebarn går ned med om lag 100 i den same perioden. Kommunen merkar også tydeleg at det vert meir krevjande å få naudsynt personell til å kunne levere tenestene slik vi organiserer oss no.

 

Dette tvingar kommunen til å tenkje annleis om tenesteleveransen vår i åra som kjem. Kommunedirektøren legg i denne saka fram tiltak som skal gje ein meir berekraftig kommuneøkonomi. Gloppen kjem framleis til å vere ein låginntektskommune, og handle-fridomen vår vil vere avgrensa. Dette krev tydelege prioriteringar, god økonomistyring og tett oppfølging.

 

Framlegget til økonomiplan for 2025 – 2028 er eit forsøk på å «Tenke langt» medan vi enda har høvet og handlingsrommet til det. 

 

Viktige snarvegar til nærare informasjon: 

Møte i formannskapet 13. november - Gå til møtedokument

Gå til framlegg til Handlings- og økonomiplan for 2025 til 2028   (Framsikt)

Viktige datoar i budsjetthandsaminga

  • 13.11.2024 - Presentasjon - Formannskapet (sjå opptak her)
  • 15.11.2024 - Presentasjon - Ungdomsrådet 
  • 18.11.2024 - Presentasjon - Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne
  • 18.11.2024 - Presentasjon - Eldrerådet 
  • 20.11.2024 - Presentasjon - Helse- og oppvekstutvalet
  • 20.11.2024 - Presentasjon - Samfunnsutvalet
  • 27.11.2024 - Handsaming og vedtak om å legge forslag ut på høyring - Formannskapet
  • 18.12.2024 - Handsaming - Kommunestyret