Bandtvang for hund

Ver obs på utvida bandtvang-periode i Gloppen!

Bandtvang i Noreg

I perioden 1. april til 20. august er det ordinær bandtvang for hund i heile Noreg. Med bandtvang etter lova er meint at hundehaldar skal halde hunden i fysisk band eller forsvarleg inngjerda eller avstengt.

Utvida periode for Gloppen

I 2015 vedtok Gloppen kommunestyre i tillegg ein lokal forskrift som utvidar bandtvangen til 15. oktober. Det gjeld i områda der husdyr har rett til å beite og faktisk beiter. Gå til kommunal forskrift til lov om hundehald

Jakthundar

Bandtvangen 20. august til 15. oktober gjeld ikkje for  jakthundar som vert brukt til jakt.