Årets gloppar 2025 Vi leitar etter årets Gloppar 2025! - og treng forslag/innspel til aktuelle kandidatar. Prisen årets gloppar skal gå til ein person som har utmerka seg i positiv forstand i heile Gloppen, eller i eitt eller fleire av lokalsamfunna våre, spesielt gjennom det siste året. Gjennom sin innsats skal vedkomande ha bidrege til å bygge opp under våre felles verdiar, mål og/eller visjonar. I fjor delte vi ut prisen årets verksemd - og tanken framover er at vi skal dele ut desse to prisane: årets gloppar og årets verksemd annankvart år.Har du forslag?Send oss eit skriftleg innspel innan 1. mars. Dette kan du sende til postmottak@gloppen.kommune.noMeir informasjon om prisen årets gloppar kan du lese her, samt sjå oversikta over kven som har fått prisen tidlegare Publisert 09.02.2026 13.53