Årets glopparPrisen skal gå til ein person som har utøvd ekstraordinær innsats som byggjer opp under Gloppen kommune sine felles verdiar, mål og visjonar for framtida. Prisen skal i tillegg vere til inspirasjon og motivasjon for vidare innsats eller virke for både prisvinnaren og andre. Årets gloppar er ein person som har utmerka seg i positiv forstand i heile Gloppen, eller i eitt eller fleire av lokalsamfunna våre, spesielt gjennom det siste året. Gjennom sin innsats har vedkomande bidrege til å bygge opp under våre felles verdiar, mål og/eller visjonar. Prisen kan delast ut til einskildpersonar med tilknyting til Gloppen. Prisen kan ikkje delast ut til tilsette i offentleg sektor som har ytt denne innsatsen gjennom sitt virke. Administrasjonen og utdelinga av prisen er lagd til Formannskapet. Her kan du sjå retningslinjene for prisen Kven har fått prisen tidlegare? Årets gloppar År Tildelt 2022 Evangeline Sessford 2021 Pieter Koopmans 2020 Ikkje utdelt 2019 Torstein Kollevåg 2018 Kristine Ryssdalsnes Horvli 2017 Tor Øyvin Aa 2016 Gunhild Skinlo 2015 Anders Felde 2014 Jesper Melin Ganc-Petersen Publisert 24.04.2023 12.15