Offentleg avløpsanlegg
Det er tilkoplingsplikt til offentleg avløpsanlegg der det ligg slikt leidningsnett eller anlegg i nærleiken. Autoriserte røyrleggjar skal utføre alt arbeid i samband med tilkopling til offentleg leidningsnett.
Kommunen gjennomfører årleg avløpssanering der eksisterande separate avløpsanlegg blir kopla til det kommunale leidningsnettet.
Sjå info om avløpsgebyr
Seperate avløpsanlegg
Kan godkjennast i spredtbygde område. Plan skal utarbeidast av fagkunnig. Totalbelastinga på resipient skal vurderast.
Det er tre løysingar som kan godkjennast:
1. Slamavskillar og infiltrasjon. Dette forutsett rett samansetning av massene i grunnen, og ikkje for bratt terreng.
2. Slamavskillar og utløp til minst 2 meter djupne i sjøen.
3. Minireinseanlegg med utløp til elv med stor nok årssikker vassføring.
Dei mykje brukte sandfiltergrøftene kan ikkje lenger godkjennast, då styresmaktene har skjerpa inn krav til reinsing.
Slamavskillar blir tømt kvart 2. år.
Sjå info om gebyr for avløpsanlegg
Kontaktperson:
Avd. ingeniør Arne Mykland, tlf 97 99 10 53.