Påvising av eigedomsgrenser (koordinatfesta)Dersom grensemerke for ei tidigare oppmålt og koordinatfesta grense er borte, kan du rekvirere grensepåvising. Føresetnaden er nyare målebrev eller matrikkelbrev på eigedomen eller den tilstøytande eigedom. Kven kan rekvirere? Eigar eller festar av eigedomen kan rekvirere påvising av grense. Dersom du signerer søknaden på vegne av eigar, må du legge ved fullmakt frå grunneigar. Fullmakta må vere i original eller stadfesta rett kopi. Slik gjer du Fyll ut skjema Rekvisisjon av oppmålingsforretning og matrikkelføring, Sakstype 3.2 Skjema for rekvisisjon Legg ved eit kart som viser kva grensepunkt du ynskjer påvist. Kva skjer vidare? Etter at kommunen har motteke rekvisisjonen, vert det avtalt møte i marka der grensene vert påvist og evt merka. Gjeldande lovverk Matrikkellova Matrikkelforskrifta Kva kostar det? Påvising av eigedomsgrenser Publisert 03.03.2023 10.43