Kva kan vi hjelpe deg med?
Bustadgruppa er ei tverrfagleg rådgjevningsgruppe for dei som treng å tilrettelegge bustaden sin i høve nybygg, ombygging, utredning i høve rampe, heis eller andre bygningsmessige endringar.
Du kan få råd om universell utforming, spesiell tilpassing, tekniske løysingar og økonomisk rettleiing i høve tilskuddordningar og lån ein kan søkje gjennom Husbanken. I nokre saker har ein også samarbeid med NAV Hjelpemiddelsentral.
Den tverrfaglege rådgjevingsgruppa består av:
Bustadkonsulent, ergoterapeut, teknisk avdeling, servicetorget og NAV.
Ta kontakt
Ring Servicetorget og be om å få snakke med rådgjevar i bustadgruppa, telefon 57 88 38 00