Rehabilitering av skorstein

Rehabilitering av skorstein er eit søknadspliktig tiltak jfr. plan og bygningslova

Rehabiltering må utførast av eit kvalifisert firma, det vil seie eit firma som har sentral godkjenning for å kunne utføre slike oppgåver. Du kan sjekke om firmet som du har valt har slik godkjenning. Gå til Direktoratet for byggkvalitet og søk opp aktuelt firma. 

Korleis gå fram?

Når du skal rehabilitere skorstein må du fyrst sende søknad til kommunen. Dette gjer du via vårt søknadskjema

Gå til søknadskjema for rehabilitering av skorstein

Når arbeidet er utført

Når arbeidet er utført må du sende inn ei kontrollerklæring for utføring (NBR-skjema 5149 eller liknande). Kommunen kan då gje ferdigattest/mellombels bruksløyve.

Sjå Direktoratet for byggkvalitet - byggesaksblanketter.

Lovhenvising

Gå til  plan- og bygningslova § 20-1