Området høyrer til Gloppen og Sunnfjord kommune. Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde strekk seg frå 60 meter over havet til 1572 meter over havet, og her er frodige dalar, brear og steile fjell, fiskevatn og fossar. Landskapet er prega av fiskevatn, støylar og frodig beiteland. Store deler av området er godt tilrettelagt med stiar, klopper og bruer. Fleire vegar og parkeringsplassar gjer området lett tilgjengeleg for låg-terskel friluftsliv, i form av dags- og familieturar.
Samtidig finn ein urørt villmark, brear og steile fjell, som til dømes Botnafjellet (1572 moh).
Nettsida til Landskapvernområdet - Her finn du meir informasjon
Forvaltningsansvar: Statsforvaltaren i Vestland
Det er etablert eit utviklingsfond som kan nyttast til næringsutvikling, fellestiltak for folk flest i eller innanfor Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde - Les om utviklingsfondet her